• Dylan på (Ny)Norsk

    Rockepoeten Tom Roger Aadland er kjend for radiohits som «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Han har gitt ut fem kritikarroste album, og har markert seg som ein botnsolid liveartist. Då «Rapport frå eit grensehotell» kom ut i 2015, brukte kritikarane uttrykk som «på grensen til genialt» og «ganske nært et mesterverk».
    Tom Roger Aadlands førre plate med Dylan på nynorsk, «Blod på spora», var ein kritikar- og publikumssuksess som førte til omfattande turnering, universitetsføredrag og bokutgiving. Nå har Aadland tatt for seg Dylans definitive meisterverk, det femti år gamle dobbeltalbumet «Blonde on Blonde», som kjem ut i nynorsk gjendikting til hausten.
    Det knyt seg store forventningar til utgivinga, og den første singelen frå albumet, «Eg må ha deg» («I Want You»), har fått ei strålande mottaking.
    «Eg må ha deg» - singel
    «Eg må ha deg» - musikkvideo

HardingarT

Kunstgalleri - Kafè - Overnatting

Bankbygget

5778 Utne